Om Kvitsund Gymnas

Kvitsund er ein kristen vidaregåande skule med internat i Vest-Telemark. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og har eit godt samarbeid med Kviteseid kommune og Telemark fylke.

P1500461
En unik videregående skole.

Skulen er såpass stor at vi kan tilby eit godt utval av programfag. Vi har mellom anna dei programfaga du treng for å få spesiell studiekompetanse til alle høgare studier. Skulen har desse programområda på Vg2 og Vg3: Realfag og Språk/samfunnsfag/økonomi. I tillegg tilbyr Kvitsund eit programfag frå idrettsfagleg utdanningsprogram: Breddeidrett. Les mer om studetilbudet her.

 

Processed with VSCO with hb2 preset

Mer enn studiekompetanse.

Du vil få venner for livet, og du vil lære noko om å vise omsyn og respekt og å bry seg. Dessutan er det viktig for oss å formidle den kristne trua, og å byggje eit levande og utviklande kristent miljø. Dei fleste av elevane (ca 170 av 185) bur på internat. Dette fører til at du både vil lære og vere mykje saman med klassekameratane dine. Les meir om internatlivet her.


P1440418

Din perfekte fritid.

Det skal godt gjerast å ha det kjedeleg på Kvitsund.  På skulens område finn du mellom anna: fotballbane, sandvolleyballbanar, treningsstudio, badeplass, kajakkar og ein gymsal med blant annet klatrevegg. I vinterhalvåret er det muligheter for ski og langrenn. Les meir om idrett og friluftsliv her. 


Kvitsundfilmen2017

Ein skule du kan tru på.

Du treng ikkje vere kristen for å gå på Kvitsund Gymnas. Vi ønskjer likevel at kristen tru og etikk skal setje sitt preg på skulen. Vi har morgonandakt i klasserommet og kristendomstimar i første og andre klasse. På fritida har du tilbod om å vere med i bibel- og samtale- gruppe, og mange av elevane samlast til møter med bøn, lovsong og forkynning. Viss du ønskjer ei utfordring, kan du òg engasjere deg i ulike former for barne- og ungdomsarbeid.


DCIM100MEDIADJI_0024.JPG

Vil du bli en av oss?

Du er berre et par tastetrykk unna å søkje om å bli elev på Kvitsund Gymnas. Søk her.