Skulepengar og økonomi

Kvitsund Gymnas er ein kristen friskule, og får 85 % av undervisningsutgiftene dekt av staten. Skulepengane dekkjer ein del av dei resterande 15 %. Internatpengane dekkjer utgiftene til mat og husvære.

1_mat

Skulepengar

Gjeld alle elevar og inkluderer alle obligatoriske ekskursjonar og turar, utskrifts- og kopieringskvote, trådlaus kontakt med verdsveven (internett) og drikke/frukt/grønt i lunsjen. Også utanlandstur for Vg3 er dekka av skulepengane. Denne turen er obligatorisk og ein del av skuleåret. Det vert høve til å velja mellom fleire alternativ. Innbetaling til Vg3-turen går over alle tre skuleåra. Om nokon sluttar før turen, vert ingen oppsamla midler betalt tilbake. Likeeins treng ikkje elevar som byrjer seinare å betale inn noke ekstra for å ‘taka igjen’ dei andre.

BÆRBAR PC/MAC

Elevar må ha bærbar pc til bruk i undervisninga. Skulen gir nærare informasjon om dette ved behov. Det vert anbefala at alle har sin eigen private maskin, men om dette ikkje er mogleg eller ynskjeleg, ordnar skulen med datamaskin mot at skulen får elevens utstyrsstipend kvart år.

KOST/MAT

Gjeld dei som bur på internat på skulen. Heimebuande kan kjøpe enkeltmåltid.

LOSJI/ROM

Her er det fleire alternativ:
Dobbeltrom utan dusj/WC på rommet.
Dobbeltrom med dusj/WC.
Einerom  utan dusj/WC
Dublett med dusj/WC (der to einmanns- eller dobbeltrum deler eit bad).

Internatleiar plasserar elever på dei forskjellige internata.

DEPOSITUM ELEVKONTO

Alle elever betalar ved start depositum for skulebøker med meir.

Alle elever betalar ved start på Kvitsund inn pengar på elevkonto for skule og internat. Det kan til dømes vera trekk ved ved skadeverk, mangler eller ikkje utførte oppgaver i internatet. Kontoen kan og nyttast til å sette inn opptjente pengar, eller til betaling av andre småting som ikkje naturleg kan takast med på den månadlege giroen.


Usikt på Kvitsund

Innmeldingspengar

Dette skal innbetalast med tilsend giro for å stadfesta at ein tek imot plassen ein har fått tilbod om. Pengane blir ikkje returnerte dersom ein vel å ikkje gå på skulen. For elevar som starter på skulen, vert innmeldingspengane trekt frå på 1. betaling av skulepengar.

Det vert send ut 10 hovudfakturaer med e-post kvart skuleår. August: forfall ca. 1. september og inneheld skulepengar, kost og losji, og innbetaling av depositum. September t.o.m. mai: forfall 20.


Gratis lærebøker:

Som elev ved Kvitsund har du rett på gratis lærebøker i alle faga. Alle elevar i Noreg har rett på graits læremiddel. Det gjeld óg på Kvitsund. Du treng difor ikkje tenkje på at du må skaffe deg lærebøker før skulestarten. Dei vil du få dei fyrste dagane du er her. Gratisprinsippet gjeld óg viss faga du har nyttar digitale læringsressursar. Lærebøkene ved Kvitsund held høg fagleg standard. Sjå boklista. Boklista blir i tillegg supplert med andre læringsressursar som t.d. fagleg relevante nettstader og programvare (PC) blir nytta i dei fleste faga).  Dessutan har me eit særs godt bibliotek som me er stolte av. Her finn du det meste som du trenger når du fordjupar deg i faga.


Biblioteket på Kvitsund

Kvitsund har eit bibliotek som kan brukast både i skuletida og på fritida. Her finn du faglitteratur og skjønnlitteratur, oppslagsverk, tidsskrift og avisar. Det er fleire lesesalsplassar her som du kan bruke til skulearbeid, og ein sofakrok der du kan kose deg med ei avis eller eit blad. Her finn du og to datamaskinar som du kan printe ut frå. Biblioteket er betjent 2.-4. økt måndag, onsdag og torsdag, og er opent for sjølvbetjent utlån heile dagen.

Det er over 6000 ulike bøker i biblioteket. For å finne ut kva som finst her, kan du søke i biblioteket sin katalog: Micromarc Kvitsund Gymnas


Stipend og lån:

Søknadsskjema finner du på www.lanekassen.no. Det blir ikkje utsendt søknadsskjema frå skulen. All søknad skjer på nettet. Der finnast og all informasjon om moglegheiter til stipend og lån. Under her er eit utdrag.Du trenger MinID for å søke. Etter at du har bekrefta tilbod om plass på Kvitsund, kan du søke. Skulen vil deretter få melding om at du har søkt, og gå inn og bekrefte skuleplassen.  Sender du søknaden om stipend og/eller lån før sommerferien, vil lånetilsagn ligge klart på skulen til skulestart. Elevar under 18 år må i tillegg til eigen underskrift, også ha føresettes underskrift på dette lånetilsagnet. Som elev på ein privat vidaregåande skule hvor det betalast skulepengar, kan du søkje om ekstra lån.