Studietilbud

Du er best rusta til vidare utdanning på høgskule eller universitet om du vel studiespesialiserande utdanningsprogram.

Studiespesialiserende utdanningsprogram

På Kvitsund kan du velje mellom fordjuping i realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Må du ha spesiell studiekompetanse for å bli det du vil, har vi faga som trengs.

Kvitsund tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram. Vi tek med andre ord utgangspunkt i at du ynskjer å studere vidare etter at du har gått her. Derfor gir vi deg undervisning på høgt fagleg nivå, med høgt læringstrykk og med undervisningsformar som gjer deg rusta til høgare utdanning.

Vi legg vekt på varierte arbeidsmetodar og gir rettleiing med tanke på gode studievanar.

VG1

På VG1 har du berre fellesfag. Det vil seie norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, geografi, framandspråk og kroppsøving. På Kvitsund har vi også faget Kristendomskunnskap. Kort sagt møter du i fyrste klasse faga du treng for å få ei grunnleggjande forståing av verda og samfunnet vi lever i, og nok kunnskap til å lære meir.

VG2

På VG2 held allmenndanninga i fellesfaga fram; norsk, framandspråk, historie, kroppsøving, kristendomskunnskap og eventuelt matematikk, om du ikkje vel å ha det som programfag. I tillegg kan du velje programfag frå to programområde. Normalt må ein ha minst to programfag på VG2, sjå Reglar ved fagval.

VG3

På VG3 fortsett du med fordjuping i minst to av faga du valde i VG2. I tillegg har du fellesfaga norsk, historie, religion og etikk, kroppsøving og framandspråk for dei som ikkje hadde det på ungdomsskulen.

1-4