Praksiskurs / besøksdag på Kvitsund Gymnas 21. november

Vi vil med dette invitere deg som går i 10. klasse til praksiskurs på Kvitsund tysdag 21. november Du får med dette høve til å teste ut ein vanleg skuledag på…

Les vidare

Vi vil med dette invitere deg som går i 10. klasse til praksiskurs på Kvitsund tysdag 21. november Du får med dette høve til å teste ut ein vanleg skuledag på studiespesialiserande, samstundes som du får eit innblikk i kva som særpregar Kvitsund Gymnas. Du vil få ein smakebit på fleire av faga vår, treffe noverande elevar, få informasjon om studiespesialiserande utdanningsprogram, sjå på internatrom og høyre om gleder og utfordringar ved å bu på internat.
Påmelding (via rådgjevaren din) direkte til Kvitsund ved rådgjevar Åsbjørg Hægeland:

ahegeland@kvitsund.vgs.no
35 06 87 00 / 971 77 684