Vi gratulerer William Matteus Fonn (VG1) som fikk 2. plass i «Fritt Ord» sin skrivekonkurranse for videregåande utdanning.
Sitatet er frå henta frå artikkelen til William. Premien består av ein pen pengesum, samt studietur til Strasbourg saman med dei andre 5 vinnarane av konkurransen. Sjølve premieutdelinga fann stad i det ærverdige bygget til Fritt Ord i Oslo, og William fekk ros for at han skriv så tydeleg og utfordrande om eit viktig tema; menneske i verda som av ulike årsaker ikkje har ytringsfridom. Mange av desse risikerer både lidingar og tap ved å ytre seg ope med ord eller livsførsel.
I Noreg er det mange som veljer å la vere å ytre seg fordi det er ei særs ubehageleg tone i ei del av debattane som pågår. Bodskapen til William er klar; Vi har ein ytringsfridom, og vi må bruke den. Ikkje minst må vi bruke den på vegne av alle som lever utan denne fridommen. Denne bodskapen gjentok han også i ein fin takketale som han heldt under tilstellinga i Oslo. Til stades her var både direktør for Fritt Ord, Knut Olav Åmås, og statssekretær Nancy Herz, samt fleire andre som også har jobba for ytringsfridom i samfunnet på ulike vis.
Les teksten her: «Enhver ytring har sin pris»