2. plass i «Fritt Ord»-konkurranse

Vi gratulerer William Matteus Fonn (VG1) som fikk  2. plass i «Fritt Ord» sin skrivekonkurranse for videregåande utdanning. 

Les vidare

Vi gratulerer William Matteus Fonn (VG1) som fikk  2. plass i «Fritt Ord» sin skrivekonkurranse for videregåande utdanning.

 

«Ytringsfriheten vil aldri være gratis. Enhver ytring har en pris. For noen er kostnaden livet, mens for andre er det en kjip kommentar på Facebook. Vi som betaler den minste prisen, skylder å ytre oss for de som betaler en høyere pris. Vi skylder dem å tale deres stemmer, rope deres rop


Sitatet er frå henta frå  artikkelen til William. Premien består av ein pen pengesum, samt studietur til Strasbourg saman med dei andre 5 vinnarane av konkurransen.
Sjølve premieutdelinga fann stad i det ærverdige bygget til Fritt Ord i Oslo, og William fekk ros for at han skriv så tydeleg og utfordrande om eit viktig tema; menneske i verda som av ulike årsaker ikkje har ytringsfridom. Mange av desse risikerer både lidingar og tap ved å ytre seg ope med ord eller livsførsel.

I Noreg er det mange som veljer å la vere å ytre seg fordi det er ei særs ubehageleg tone i ei del av debattane som pågår. Bodskapen til William er klar; Vi har ein ytringsfridom, og vi må bruke den. Ikkje minst må vi bruke den på vegne av alle som lever utan denne fridommen. Denne bodskapen gjentok han også i ein fin takketale som han heldt under tilstellinga i Oslo. Til stades her var både direktør for Fritt Ord, Knut Olav Åmås, og statssekretær Nancy Herz, samt fleire andre som også har jobba for ytringsfridom i samfunnet på ulike vis.

Les teksten her: «Enhver ytring har sin pris»