Programområde og fagval

Vi ynskjer å tilby eit breitt utval av fag. Sjå hvilke fag vi tilbyr her.

Velg fag frå realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi

Vi ynskjer å tilby eit breitt utval av fag, samtidig er vi ein så liten skule at vi ikkje kan tilby alle mogelege fagkombinasjonar. Du kan velje fag frå programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. I tillegg tilbyr vi breddeidrett. Nye fag på Kvitsund er Informasjonsteknologi og Entreprenørskap og bedriftsutvikling.

Realfag:

  • Matematikk R1 og R2 Matematikk for samfunnsfag er ei nyttig verktøykasse for deg som ynskjer å bruke matematikk som reiskap i andre fag. Du lærer mellom anna matematisk modellering, optimalisering og å omforme praktiske problem til eit matematisk formelspråk som kan løysast med rekning.
  • Kjemi 1 og 2. Programfaget kjemi prøver å beskrive modellar som er med på å forklare observerbare kjemiske fenomen rundt om oss. Sentrale emne er vannkjemi, syrer og baser, organisk kjemi, redoksreaksjonar og analysemetoder.
  • Fysikk 1  I fysikk blir elevene kjent med de mest grunnleggende lovene og sammenhengene i naturen og universet. Det handler om alt fra bevegelse, elektrisitet, varme, atomet og stjerner til moderne teknologi og vitenskapelig metode. 
  • Informasjonsteknologi 1 og 2 Informasjonsteknologi er på mange måtar eit praktisk fag. Du lærer å lage og vedlikehalde nettstader og databasar, og å skrive dine eigne program. Faget er eit realfag, men grenser også mot mediefag, økonomi, språk og design.
  • Biologi 1 og 2
    Biologi 1 og 2 går annankvart år. Biologi skal gi kunnskap om den levande delen av verda. Biologisk kunnskap inkluderer alt frå det forunderlege som skjer på mikronivå i det indre av cellene, til samspelet i økosystema på jordkloden. Sentrale emne er økologi, cellebiologi, genetikk, fysiologi og tilpassing. 

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Internasjonal engelsk. Dette er et fag der vi lærer å beherske engelsk som internasjonalt språk, og vi får innblikk i ulike kulturer hvor engelsk spiller en rolle. Vi lærer om å leve og studere i utlandet, og vi diskuterer media og globale tema.
  • Samfunnsfagleg engelsk. Dette bygger på Internasjonal Engelsk, og vi konsentrerer oss om engelsk og amerikansk historie og politikk. Vi lærer å formulere oss akademisk, skriftlig som muntlig, idet vi forholder oss til politisk og kulturelt stoff i tekst og bilder.
  • Sosiologi og sosialantropologi.
  • Sosialkunnskap.Programfaget Sosialkunnskap fokuserar på samspelet mellom individ og samfunn – altså korleis me som enkeltindivid oppfører oss i høvet til samfunnet og omvendt. Faget tar også opp viktige etiske dilemmaer, og dannar på den måten eit grunnlag for aktiv deltakelse i arbeidsliv, videre studier og samfunnet ellers. Programfaget Sosialkunnskap passar godt for deg som kan tenkje deg ei høgare utdanning innan samfunnsvitenskapelege fag som sosiologi, pedagogikk, statsvitenskap, samfunnsøkonomi, sosialantropologi, helse og politi eller deg som berre ynskjer å lære meir om det å være menneske.
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 og 2. Stadig fleire skapar si eiga arbeidsplass. Entreprenørskap og bedriftsutvikling handlar om å sjå mogelegheiter og omsetje desse til bærekraftige verksemder. Faget er i stor grad praktisk, og du får kompetanse i å etablere, drive og utvikle ein verksemd.

programfag frå idrettsfagleg utdanningsprogram:

  • Breddeidrett. Klatre, padle, danse, gå på ski, dette saman med erfaring av at leik og leiing og læring høyrer saman er del av faget breiddeidrett. Breiddeidrett handlar om å lære ved erfaring, i leik og utprøving, gjennom feiling og meistring. Her får du prøve ei rekkje aktivitetar og sportar frå ulike kulturar verda over. Du får lære meir om trening og korleis byggje eit sterkt utgangspunkt du har nytte av når du vil utvikle deg innanfor dine eigne sportsgreiner. Vi opplever mykje saman og samarbeider om å skape eit sterkt og trygt læringsmiljø i lag.
  • Friluftsliv 1
    Friluftsliv handlar om gå ut i naturen for å komme inn i naturen. Det handlar om å meistre ulike naturtypar og årstider med vekt på trivsel, tryggleik og kunnskap. I faget friluftsliv skal vi vere mykje ute på tur, og lære om korleis det kan gjerast på ein trygg måte. Vi nærmar oss villmarka i kano og til fots på hausten, med korte og lengre turar på vatn og vassdrag. God mat, gapahuk og bål er viktige stikkord. Om vinteren skal vi utforske vinterfjellet, lære å bu og trivast i snøen. Her gjeld ting som fjellski, snøhole, isfiske og å bli venn med kulda. Skredlære, utstyr, førstehjelp, bålfyring, turplanlegging, friluftsvegleiing, refleksjon og god turmat er viktige ingrediensar i faget friluftsliv.