Besøksdager 2025/2026

I løpet av året har vi hospiteringsdager/besøksdager for 9. og 10.klassinger. I tillegg til Besøkshelga.

Velkommen til besøk på Kvitsund!
Kvar haust inviterer vi 10.- klassingar frå heile Noreg til ein besøksdag (såkalla karrieredag) på Kvitsund og kvar vår inviterer vi 9.- klassingar til to slike dagar. Desse besøksdagane kjem i tillegg til den årlege BESØKSHELGA(se egen side).I 2025/2026 er datoane for besøksdagane:
10. klasse: 4. desember 2025
9. klasse: 15. og 16. april 2026

Kva er skjer på slike besøksdagar?
Du møter opp til skulestart kl 8.20. Då blir det ei velkomstsamling og litt bli-kjent.
Du får deretter vere med inn i undervisningstimar, treffe noverande elevar, bli med på fellessamling for heile skulen, sjå internatrom og høyre om livet på Kvitsund både i skuletida og på fritida. Dette er ein god måte å prøve å finne ut om studiespesialiserande utdanningsprogram er noko for deg, og å finne ut korleis vi har det på Kvitsund.
Vi sender ut program for besøksdagane til deg /rådgjevaren din nokre dagar på førehand. Då får du òg meir praktisk informasjon om dagane

Korleis melder eg meg på?
Det er ofte rådgjevarane på ungdomsskulane som tek kontakt med oss og melder elevar på besøksdagane. Du eller foreldra dine må gjerne gjere det sjølve, men flott om du da avklarar dette med skulen din.

Kva om eg har lyst å besøke Kvitsund, men datoane over passar ikkje?
Ta kontakt med underteikna, så prøver vi å få til at du kan kome på eit anna tidspunkt. Sjølv om det då ikkje vert eit så omfattande opplegg som på besøksdagane, så vil du kunne bli kjent med elevar, tilsette og skuleområdet.
Ta kontakt om det er noko du lurer på. Ser fram til å høyre frå deg!

Helsing
Åsbjørg Hægeland
Rådgjevar
971 77 684