Reglar ved fagval

REGLAR VED FAGVAL

  • Kvar elev må ha minst 90 timar totalt over tre år.
  • Det er krav om minst 20 timar programfag (totalt for både Vg2 og Vg3).
  • Det er krav om fordjuping i to programfag, altså minst 10 timar i minst to fag (totalt for både Vg2 og Vg3).
  • På Kvitsund får du då minst 5 timar til valfritt programfag innan eige programområde eller andre programområde under studieforberedande utdanningsprogram.
  • Elevar som vel Matematikk R1 (5 timar) eller S1 (5 timar), har ikkje fellesfaget matematikk i Vg2, men må velje eit ekstra programfag.
  • Elevar som ikkje har framandspråk frå ungdomsskolen, må velje spansk nivå 1 i Vg1 og må ha spansk nivå 2 i Vg3. Faget erstattar det valfrie programfaget.
  • Kvar gruppe må vere stor nok for at skulen skal gi tilbod i faget. Lærarsituasjonen kan i spesielle høve føre til endringar. Dersom gruppa blir for stor, kan skulen rangere søkjarane etter inntakspoeng (karakterar 1. termin). Vg3-elevar har førsteretten til faget breddeidrett.
  • Fagvalet kan endrast etter 1. mars hvis det er ledig plass i gruppa.
  • Lånekassa har krav om minst 90 timar totalt over tre år (utanom eventuelle privatistfag) for å få fullt stipend.