Velkommen til praksiskurs 7.desember

Vi vil med dette invitere til praksiskurs/
besøksdag på Kvitsund Gymnas.

Les vidare

Vi vil med dette invitere til praksiskurs/
besøksdag på Kvitsund Gymnas.

Denne dagen får du som går i 10. klasse høve til å smake på ein vanleg skuledag på studiespesialiserande utdanningsprogram, samstundes som du får eit innblikk i kva som særpregar Kvitsund Gymnas. Du vil få vere med i undervisning, treffe årets elevar, få informasjon om studiespesialiserande utdanningsprogram, sjå på internatrom og høyre om gleder og utfordringar ved å bu på internat.

Program:

Møt opp ute på skuleplassen kl 08.15. Her vil rådgjevar Åsbjørg Hægeland ta i mot dykk
Økt 1  08.20 – 09.50:
Omvisning og orientering om Kvitsund. Geografi med vg1
09.50 – 10.10 :
Fellessamling i matsalen med andakt og informasjon
Økt 2  10.10 – 11.40:
Samfunnskunnskap med vg1.
Omvisning på internatet.
«Panelsamtale» med diverse nåverande elevar
11.40 – 12.20 :
Lunsj. Ta med nistemat. Du får drikke
Økt 3  12.20 – 13.50:
Smakebit på ulike fag frå studiespes
14.00
Besøksdagen er slutt.

Påmelding direkte til Kvitsund via rådgjevaren din.
Ta med vanlege skrivesaker og nistemat. Ta kontakt om du lurer på noko!
(Dersom datoen 7. desember er for vanskeleg, så kan du be rådgjevaren din ta kontakt
med oss og finne ein annan dag.)
Velkommen!

Med venleg helsing
Åsbjørg Hægeland, rådgjevar Kvitsund Gymnas
ahegeland@kvitsund.vgs.no, tlf 97177684